SENIORDANS NOREG, REGION HEDMARK.
PROTOKOLL FRÅ ÅRSMØTET 2022.
ÅRSMØTE PÅ FORSTMANN, ELVERUM, ONSDAG 09.02.22, KLOKKA 1100.
SAK 1: OPNING.
Ingrid Maurstad Tuko ønska velkommen til møte, og orienterte om utlagte sakspapir.
SAK 2: GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE.
Endring av saklista: Sak 6: Innkomne saker. (Ny på saklista.)
Sak 7: Rekneskap og budsjett.
Sak 8: Val.
Innkalling og sakliste godkjent med denne endringa.
SAK 3: GODKJENNING AV FRAMMØTTE REPRESENTANTAR.
Det møtte 11 representantar frå 7 dansegrupper, pluss 6 frå styret og 1 vara, og
utdanningsleiaren. Tilsaman 18 delegatar med stemmerett.
1 representant frå styret og 1 frå Os Seniordans møtte på Zoom.
SAK 4: VAL AV MØTELEIAR, REFERENT OG 2 TIL Å UNDERSKRIVE PROTOKOLLEN.
Møteleiar: Willy Lindemark.
Referent: Nils Slapgård.
Til å underskrive protokollen: Solveig Vingelen og Øivin Berg.
SAK 5: ÅRSMELDING.
Willy Lindemark refererte årsmeldinga for 2021 punktvis.
Årsmeldinga godkjent utan merknad.
SAK 6: INNKOMNE FORSLAG.
Styret foreslo denne endringa: Stiftingsdato for regionen blir, i samsvar med
Brønnøysundregisteret endra frå 2003 til 1998.
Endringa einstemmig vedteke.
SAK 7: REKNESKAP OG BUDSJETT.
Kåre Opheim refererte postane i rekneskapen for 2021, og svara på spørsmål.
Willy Lindemark refererte revisjonsmeldinga.
Rekneskapen godkjent.
Kåre Opheim refererte så postane i budsjettet for 2022.
Med nokre småjusteringar enda budsjettforslaget med eit underskott på 8150.- kroner.
Budsjettforslaget godkjent med desse justeringane.
SAK 8: VAL.
VERV: NAMN GRUPPE STATUS PERIODE
Leiar : Ingrid Maurstad Tuko Hamar Seniordans Velferden. Attval 2022
Styre : Jon Holm Lillegjelten Os Seniordans Ikkje på val 2021-22
« : Willy Lindemark Huggal Seniordans Ikkje på val 2021-22
« : Kåre Opheim Buttekvern Seniordans Attval 2022-23
« : Solfrid Sofia Strønen Hamar Seniordans Velferden Attval 2022-23
Vara : Torild Vardenær Tolga Seniordans Attval 2022
« : Ingegjerd kvangraven Os Seniordans Attval 2022
Revisor: Kristian Østvold Buttekvern Seniordans Ny 2022
Utsending til Landsmøte i Seniordans Noreg: Ingrid Maurstad Tuko Attval 2022
Vara: Willy Lindemark Ny 2022
Valkommité: Marit Jehansbakken Buttekvern Seniordans Ny 2022
« : Karin Tronslien Tynset Seniordans. Ny 2022
Årsmøtet vedtok at valkomitéen kan ha 2 representantar.
Møtet heva klokka 1200.
Nils Steinar Slapgård (referent)
……………………………………. ………………………………… ………………………………….
Solveig Vingelen. Willy Lindemark. Øivin Berg.